Trening

Trening

Aktive hundar !

Ein retriever er ein jakthund som kan brukast til mykje

- ikkje ein selskapshund
som KAN brukast til jakt :-)

Appelsin - dummy

DiversePosted by Ann-Olaug Sun, April 01, 2012 20:46:39

smiley GOD PÅSKE

Her ser vi påske apportøren ! Rally min nye stjerne !

Eg veit nokre av Ra-kvalpane er kløpparar på dette med apportering ikkje berre Rally som kan dette smiley

Prøve gjerne med alternative ting, som ein appelsin, ein vott, ein tennisball eller ein tre-apport, (slik vi brukar i appellydigheit) osv.

Rally reknar eg med veks ikkje så mykje meir no og ho er ingen kjempe, som vi på forhand vist ville kvalpane bli normale og ligge slik mit i standaren på skulderhøgde. Rally er ca ein halv cm mindre enn Arwen og Arwen er 57,5, Rally er 57 cm opp på skuldra og 24,5 kg, perfekt!!

Når eg skriv normale så er dei det etter standaren, men hundane som blir avla på "prioritert eksteriør" er oftast mykje større og kraftigare og kan ligge over standaren i skulderhøgde og vi kan opplever at vår Ra- kvalp kan virke liten i lag med andre flattar.

Eg har opplevd at "Mor Arwen" har blidt målt på utstilling og då er ho perfekt etter standaren 57,5, (55 - 59) er stadar skulderhøgd på tisper, dei tispene ho konkurrerte i mot blei ikkje målt, eg har til dagsdato ikkje skjønt dette. Standaren på hannhund er (59-62,5) nok om det.

Rally er hjerteknusar, mjuk, god, liker kos, er super god på å apportere "alt", er sterk mentalt, gir ikkje opp har ho bestemt seg for noko, er ikkje komet i spøk alder ennå, er lyd fri :) har ekstrem bra konsentrasjon, er lett trenet, kva meir kan ein ønskje seg. DET er berre å utvikle henne til det eg vil, potensiale er der og det står kun på meg kva vi skal få til.

Alt dette er nok litt utvikla av meg, men det har latt seg utvikla av eit godt emne, spesielt dette med Rally som er så rask på foten og så full av iver og likevel har ein slik unik ro, det kjem av medfødt ballast som er sett i system..
Ein kan ikkje kalle Rally sin galskap stress, det er reinhekla arbeidsiver, maken til av og på brytar har eg ikkje opplevd før.

Kvifor sitte her å skryte av min eigen hund ;) det kjem i frå hjerta, det er faktisk stor forskjell på linjer, på enkelt individ, på forvaltning osv. Til slutt handlar det om å dra ut det ein klare av det individ ein har for hand, og her kjem momentet "tid??" inn, lettrena, er du god til å trene, vi du bruke 5 år eller vil du klare det på to år :) tida vil vise!

  • Comments(0)//trening.flatcoat-arwen.com/#post46