Trening

Trening

Aktive hundar !

Ein retriever er ein jakthund som kan brukast til mykje

- ikkje ein selskapshund
som KAN brukast til jakt :-)

Jaktkurs

TreningPosted by Ann-Olaug Tue, May 31, 2011 19:54:26


Helgekurs med Heidi og Åse.

http://www.meneo.no/

Det var eit innhaldsrikt kurs med mykje input og nye trengstips til oss..


Artemis fungerte bra og hold bra heile helga utan noko særleg trøtthests teikn. Vi var i ei fin gruppe som fungert topp, to av hundane kjente vi frå før og 2 var nye for Artemis og meg.


Laurdag var det Åse som var instruktør for oss og vi var innom mykje og blant anna, jaktlydighet.

Ut (høgre ut og venstre ut) det vil bli eit nytt satsingsområde framover, det vil sei eg vil prøve å lære inn dette og få teknikk inn i kroppen min slik eg kan nytte det i framtida, men rekne med at Artemis tar det fort slik eg vil kunne bruke det på henne. Eg er likevel litt avventandes til å forandre på "lenger ut" tett før "sunnmørsprøve".

Det blei også ein del vannarbeid med gode tips om korleis eg skal få rette utgangar eller, gå rett ut på vannkanten og ikkje leite etter utgang på kanten., gode verktøy til kassa dette.

For Artemis sin del så synast eg ho klarte seg bra i vannarbeidsdelen lite vegring på å gå i vatten, sjølv om ho vurderte litt utgangane så gjekk ho utan å nøle for mykje. Her går det riktig veg!!

Vi var også innom nærsøk på laurdag med nedgraven tennisball, jau nærsøksignalet til Artemis var godt befesta og det fungerar bra.

Søndag var det Heidi sin tur til kurse oss og no blei det fokusert på nærsøk og stopp før nærsøk.

Då sleit eg litt for å få henne til å sitte før ho søkte, men eg klarte det. Søk ”der” kan ho og er også flink :) problemet som dukka opp var at stoppen ikkje fungerte så bra når ho såg kvar tennisballane blei planta:)

Eg må derfor endre litt på treningsrutinane mine med "stopp" det har eg fått med meg, stopp skal fungere i ein tennisballhaug og ballane skal ligge til søksignal, jau jau.. høg spontantet er viktig :) stopp endå viktigare, det skal ikkje være enkelt, men svert nyttige tips eg vil kople på mine rutinar.

Det blei også linjegåing med påfølegane apporteringar og her er det kjøringa som er eit svert viktig hjelpemiddel.

Artemis hadde god fart i arbeidet, gjekk bra og hadde fin fokus, det stod litt på meg og få med alt som skjedde, det å hjelpe hund til å få inn riktig apport og sende til riktig apport, enkelt sakt marker alt.

Det blei også enkelt markeringar, dobbelmarkeringar der vi skulle bestemme for hund.

Oppsummert mange fine treningsmodellar til verktøy kassa for oss til å ta med heim, fekk vi også på søndag.


Artemis var ein behagelig hund å reise på kurs med, enkel å handtere heilt rolig og still i alle arbeids situasjonar:)

Takk til Heidi og Åse for eit fint kurs ! Takk til mine treningsvenner for fin tur!!

Takk til Benny for fine bilde han tok av vår gruppe:)

  • Comments(0)//trening.flatcoat-arwen.com/#post45