Trening

Trening

Aktive hundar !

Ein retriever er ein jakthund som kan brukast til mykje

- ikkje ein selskapshund
som KAN brukast til jakt :-)

Kjekt å ha!!

DiversePosted by Ann-Olaug Thu, September 02, 2010 20:58:55

No er eg i modus løp å kjøp, kan være godt å ha..

Eg har lenge hatt lyst på eit stoffbur, men har aldri heilt bestemt meg for kva eg eigentlig trengte eller kva som var det beste kjøpet..

Kva skal eg med det då, jau fleire gangar har eg sakna eit litt lettare alternativ å ha med på LP- prøver/ utstilling. Ein sit ofte rundt ringen i fleire timar og kun ser på eller ventar på det skal bli vår tur.

Også dette når ein er ute og reiser og er på framande plassar og overnatter, då er det kjekt å ha eit lett alternativ for overnatting eller ligge rolig i.

Dette buret er regelrett lett å flytte på å bære om det så er opp mange trapper eller fleire hundre meter på ein stor utstillingsplass.

Eg kjøpte størrelse large, og likte buret så godt at eg kjem til å kjøpe eit til før eller seinare.

Eg vil bruke buret kun når eg er tilstede, som når eg setter det opp rundt ein utstillings/ LP/ring, eller på eit hotellrom/hytte for soving.

Reknar med at ein ivrig hund som vil ut kan klare å øydelegge buret, derfor bur til bestemte situasjonar for meg.

Dette buret har eg kjøpt og prøvekjørt, flott bur, riktig størrelse og breide, kjempegod kvalitet, supert enkelt å sette opp, og ikkje mist lett å bære, løp å kjøp har du behov for reisebur, utstillingsbur>>>>>

  • Comments(0)http://trening.flatcoat-arwen.com/#post34
Next »